
Teaterpodkasten Bak maska med Nynorsk scenespråksenter
14 veker har gått sidan det første kullet ved Nynorsk scenespråksenter sette føtene inn på Teater Vestland. På denne tida har dei lært ei splitter ny dialekt. Korleis har Arjan, Jacob, Pernille og Stine klart seg? Er dei ekte vestlendingar no? Korleis er synet deira på nynorsk, og kva er det beste minnet deira frå opphaldet? Her kan du høyre dei fire deltakarane i samtale med konstituert teatersjef Kristina Kjeldsberg.