Bli tryggare på scena
Har du kjent på at du ikkje er levande nok eller ikkje får tak på teksten, at du rett og slett ikkje får tatt ut potensialet ditt som skodespelar?
Det kan vere typiske utfordringar i møte med eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen du bruker til vanleg. På Nynorsk scenespråksenter lærer du dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.
Kva lærer du?
Kven er du?
Vi tilbyr
Skodespelarar som må spele på ei anna dialekt enn den dei bruker til vanleg, fortener å kjenne seg trygge på scena. Publikum på si side fortener å oppleve eit mangfald av dialektar i teater, film og lydproduksjonar. Dette skal Nynorsk scenespråksenter medverke til.
I møte med ein ny dialekt (talemål, talemåte) blir vi fort ståande att med eit talespråk utan liv og innhald. Orda blir tekniske øvingar utan meining. Kroppen stivnar. Den nye språkdrakta blir for lita – vi får ikkje puste, vi får ikkje bruke stemma vår, tenke klart eller røre oss fritt. Ved Nynorsk scenespråksenter får deltakarane hjelp til å lage seg ei ny, fargerik drakt – med god stretch og ei nynorsk passform.