Vil du briljere på nynorsk?Vil du spele Jon Fosse truverdig og levande?Ønsker du å meistre kva dialekt som helst?

Vil du briljere <br>på nynorsk?Vil du spele Jon Fosse <br>truverdig og levande?Ønsker du å meistre <br>kva dialekt som helst?

Kven er vi?

Nynorsk scenespråksenter er Teater Vestland si etterutdanning og eit nasjonalt senter for skodespelarar frå heile landet, der dei får styrka kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialekter.

Nynorsk scenespråksenter er oppretta med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som deler ut gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Møt kull fem

Eirik Langås Jørgensen er frå Arendal og er utdanna ved Teaterhøgskolen (KHIO) med bachelor i skodespel frå 2021. Han har etter utdanninga jobba som skodespelar ved Nationaltheatret, Riksteatret og gjort fleire produksjonar ved Kilden Teater. Han har også arbeida med fleire kortfilmar, og arbeidt aktivt i det frie scenekunstfeltet i Noreg. Han driv også produksjonsselskapet DAG 3 produksjoner med Petter Mjøen Westlund og leverer teater og kulturopplevingar til store delar av Noreg.

Foto: Henrik Hoff Vagen

Pål Fredrik Kvale er frå Bærums Verk og har bakgrunn frå både tysk og norsk teater. Han tok mastergrad ved Teaterhøgskulen i München, Theaterakademie August Everding, og har mellom anna arbeidd ved Badisches Staatstheater i Karlsruhe, i tillegg til fleire norske scener. Han har òg vore å sjå i fleire norske TV-seriar. Ved sidan av skodespelararbeidet er han utdanna pedagog og har fordjupa seg i kunstforma drag.

Foto: Erika Hebbert.

Stine Revheim Svellingen er skodespelar og teatervitar med mastergrad i teatervitskap frå Universitetet i Bergen og klovnestudium frå ulike pedagogar. Ho har brei kompetanse innan teaterfeltet som skapande utøvar, produsent, inspisient, dramaturg m.m. Stine er vaksen opp i Oslo og på Sotra. Ho er med i drifta av teaterkompaniane «Eventyr i Parken» og «Makalaus Produksjonar», som begge utviklar framsyningar for barn og unge. Stine har jobba i ulike funksjonar, mellom anna hjå Det Vestnorske Teateret, Bergen Dramatikkfestival, Agder Nye Teater, Agder Teaterlaboratorium, Teaterfestivalen i Fjaler og Universitetet i Bergen.

Foto: Eva Rønhovde/Det Vestnorske Teateret

Mina Try kjem frå Søgne i Kristiansand, og er utdanna skodespelar frå Teaterhøgskolen ved KHiO (2021-2024).  Under utdanning medverka ho blant anna i Grisebingen, En Midtsommernatts drøm, CRYWOLF og Eg kan vere ein annan/Jell-O Shot. Etter utdanninga har ho vore knytt til Kilden Teater, og medverka i blant anna Greven av Monte Cristo, Den standhaftige tinnsoldat, Gengangere, og Reisen til julestjernen. I det frie feltet har ho vore aktuell med monologforestillingane Lavendeltåke og Ida og romvesenet som ho har skrive, regissert og produsert sjølv. Lavendeltåke vann prisen for Beste Manus på Oslo Fringe Festivalen 2024.

Foto: Arnar Aanes Bjorøy

Vi tilbyr

Møt kull fire

Marie Berg er frå Oslo og har ein bachelor i skodespelarfag og teaterproduksjon frå Nord Universitet. Etter utdanninga har ho vore med i ulike produksjonar, blant anna Hans og Grete på Brageteateret og framsyninga MomA av Goksøyr og Martens. Marie er også med i teaterkompaniet FrittFall produksjoner.

Foto: Albertine L. Vestvik

Jørgen Drageset Dydland er frå Stavanger, og er utdanna skodespelar frå Nord Universitet (2018-21). Han har sidan enda utdanning jobba i det frie feltet gjennom Vannari Scenekunst, som han er med å drive, i tillegg til film og tv-produksjonar.

Foto: Kasper Becker-Andersen

Idunn Gismerøy Ekker kjem frå Bærum og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo. Før dette budde ho i eit skandinavisk teaterkollektiv på Ærø i Danmark, og laga eigne framsyningar i det frie feltet. Ho har også hatt regi på ei ungdomsframsyning i Bærum, og drive med performancekunst.

Foto: Johannes L. F. Sunde

Hedda Kjellaugsdotter Sandnes kjem frå Levanger, er nyutdanna skodespelar ved Høyskolen Kristiania, og har studert på Teaterhøjskolen Rødkilde i Danmark. I 2025-2026 spelte ho i Navlestreng på Hausmania.

Foto: Noah Gylver/Lysverk Foto

Ta etterutdanning

Hos oss får du ei innføring i nynorsk. Du lærer dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.