Systersentera samlast

5. september 2025

Kva skjer når 14 praktikantar kjem under same tak, på same dag? Jo, noko skikkeleg fint!

18. august starta ikkje berre det andre kullet ved Nynorsk scenespråksenter, men også avisa Firda sitt 25. kull på Nynorsk avissenter, og kull 43 på NRK Vestland sitt Nynorsk mediesenter!

Praktikantane vart alle samla for å bli betre kjent, ete pizza og få omvising på huset, for å bli kjent med sambuarane sine i Nynorskhuset. Kvelden vart avslutta med kviss på Elvesus, og fleire kjennskap her i Førde!

Alle møttast første skuledag
Omvising inne i radiostudio hjå NRK
Alle fekk omvising på heile huset