Rekordmange vil lære seg å bruke nynorsk på scene og film 

31. oktober 2025

Det er knapt til å tru! Det strøymer på med søknader til Nynorsk scenespråksenter. Heile 61 skodespelarar ønsker å ta etterutdanning i nynorsk og dialekter på Teater Vestland.

– Det viser at vi fyller eit behov i bransjen. Nynorsk scenespråksenter er ei suksesshistorie frå dag éin, seier Synne Solberg, avdelingsleiar ved Nynorsk scenespråksenter.

Søknadsfristen til vårkullet 2026 gjekk ut måndag, og pågangen har vore stor. Profesjonelle skodespelarar frå heile landet har søkt seg til Førde og Nynorsk scenespråksenter ved Teater Vestland. Eit høgt søkartal vitnar om aukande interesse for nynorsk som uttrykksform i scenekunsten.

– Vi er svært nøgde med søkartalet. Det viser at stadig fleire scenekunstnarar ønskjer å arbeide bevisst med nynorsk i sitt kunstnarlege uttrykk, seier ein avdelingsleiar i ekstase.

Nynorsk scenespråksenter held til i Førde og er eit nasjonalt senter for dialekt og nynorsk som scenespråk, som arbeider for å styrkje nynorsk som kunst- og scenespråk. Etterutdanninga tek inn to kull med fire skodespelarar kvar i året, og dei gjennomfører eit 14 veker langt kurs i dialekt- og språkovergang. Gjennom rettleiing, verkstader og fagleg oppfølging får deltakarane høve til å styrkje både den språklege og kunstnarlege kompetansen sin.

Sidan oppstarten med første kull i februar 2025 har Nynorsk scenespråksenter merka aukande interesse for etterutdanninga.

– Det er gledeleg å sjå at nynorsk vert brukt og utforska av både etablerte og nye utøvarar. Slik blir språket ein naturleg og levande del av scenekunsten, avsluttar Solberg.