Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa forklarar korleis vi behandlar og beskyttar dine personopplysningar.
Denne erklæringa gir deg informasjon om:
- Kva for personopplysningar vi samlar inn og kvifor
- Korleis vi brukar og beskyttar desse opplysningane
- Dine rettar knytta til personvern
Les denne erklæringa nøye om du ønsker å forstå korleis vi behandlar dine personopplysningar.
Kva for personopplysningar vi samlar inn og kvifor
Brukarstatistikk
Vi samlar inn anonym statistikk for å forbetre nettstaden vår. Statistikken viser blant anna kor mange som besøker dei ulike sidene, når dei besøker sidene og kva einingar som blir brukt. All statistikk er anonym og kan ikkje knyttast til deg som person.
Du kan lese meir om cookies og statistikkverktøyet i vår cookie-erklæring under skildringa av tenesta.
Vi brukar også loggdata frå webserveren for å sjå kor mange som leser sida, og når desse blir lest. Behandlinga av den anonyme statistikken er heimla i personvernforordninga, då det er nødvendig for å forbetre og vidareutvikle informasjonen på nettsidene våre.
Våre verktøy krev informert samtykke for å samle inn detaljerte opplysningar som kan knyttast til ein person. Om du ikkje blir presentert med anledning for å gi eit slikt samtykke, vil vi ikkje samle inn slike opplysningar.
Matomo
Nettstaden vår nyttar Matomo som ein analyseplattform for å samle inn og analysere data om brukaratferd. Matomo gir oss høvet til å forstå korleis besøkande tar nettstaden i bruk, kva sider som er mest besøkt, og korleis brukarane navigerer gjennom nettstaden. Ved å bruke Matomo kan vi forbetre brukaropplevinga og optimalisere innhaldet vårt basert på reelle data, samtidig som vi sikrar høgare grad av personvern for våre brukarar.
Dataa som samlast inn av Matomo inkluderer informasjon som IP-adresser, nettlesartype, einingstype, tilvisingskjelder, samt tid brukt på nettstaden og kva sider som blir besøkt. Matomo gir oss også høvet til å spore spesifikke handlingar, som klikk på lenker og nedlastingar. All data som samlast inn er anonymisert, og vi brukar den kun til interne analysar for å forbetre nettstaden vår. Brukarane har også høve til å velje vekk sporing ved å justere innstillingane i nettlesaren.
Relaterte Informasjonskapslar (cookies)
Matomo brukar ikkje cookies og respekterer “do not track”-flagget som kan settast i din nettlesar om du ikkje ønsker at besøket skal ta del i statistikken.
Søknadsskjema
Vi samlar inn ulike typar data gjennom skjemaet vårt for å søkje:
- Kontakt
- Deltaking
- Tilsetjing
- Medverknad
Fleire typar data vil reknast som personopplysningar som vi ønskjer å handsame med omtanke.
Personopplysningar kan vere:
- e-postadresse
- namn
- adresse
- personlege historier eller bakgrunn du deler som ein del av søknaden din
- curriculum vitae (CV)
- bilete, video og skriftleg produksjon
Denne typen informasjon vil bli sletta 6 månader etter at handsaminga av skjemaet er ferdig. Detaljert informasjon kan bli lagra for å føre enkel statistikk over talet på førespurnader, men personopplysningar i desse førespurnadene blir altså sletta etter 6 månader.
Vår databehandlar er Mediebruket AS, org.nr. 994 576 240.
Vi deler ikkje noko informasjon med personar eller organisasjonar utanfor vår eiga organisasjon utan at det er spesifisert her, og personar som handsamar førespurnadene våre har teieplikt.
Rett til innsyn, retting og sletting
Om det er informasjon du har gjeve oss som du ønskjer innsyn i, og eventuelt ønskjer å få retta eller sletta, kan du kontakte oss på terje@teatervestland.no. Vi tek sikte på å svare alle førespurnader innan få dagar.