Ofte stilte spørsmål
Opphaldet
Oppstart kan variere, men på søknadssida finn du informasjonen som gjeld for kullet du søkjer på.
Vanleg vis er oppstart for vårkulla fyrste veka i januar, og haustkullet har vanlegvis oppstart i veke 34.
Med betalt etterutdanning meinast det at du får ei månadsløn under opphaldet ditt i Førde. Dette er som når du fekk stipend når du var student, men dette er ei rein løn og ikkje eit lån.
Per dags dato ligg månadsløna under opphaldet på 17 000 kroner. I tillegg får du dekt bustad.
Under opphaldet i Førde vil du dele bustad saman med dei andre deltakarane, i tillegg til andre skodespelarar som er innom produksjonar på huset. Dette kollektivet er Gamle Prestegarden, eit av dei eldste husa i Førde, som ligg 15 minutt gonge frå teateret.
I løpet av opphaldet vil du jobbe både teoretisk og praktisk. Gjennom forelesarar, nynorskteori, praktisk arbeid på golvet og arbeid med regissør byggjer du opp ei god kompetanse og blir trygg i nynorsk og dialektovergang. I løpet av undervisningsperioden blir det også to visningar for publikum.
Dagane varierer ettersom kva dagsopplegget er. Det varierer mellom undervisning med forelesarar, arbeid med regissør og eige arbeid.
I hovudsak varar dagane frå 09:00-15:00, men dei kan variere etter avtale.
Ja, de har fri laurdag og sundag.
Du er diverre ikkje garantert jobb ved Teater Vestland etter opphaldet ditt her, men fleire av deltakarane frå tidlegare kull har vore innom teateret ved seinare høve.
Per dags dato får du diverre ikkje studiepoeng frå etterutdanninga, men du får med deg ei viktig og ettertrakta kompetanse vidare i arbeidet ditt.
Søknadsprosessen
Det er fire deltakarar ved kvart kull.
Vi ønskjer at skodespelarane som søkjer hjå oss har vore ute i feltet og jobba ved produksjonar. Har du ikkje fire profesjonelle produksjonar kan du likevel søke, men det er ein fordel å ha nokre produksjonar i bagasjen.
Ja, så lenge du har skodespelarutdanning eller praksis som tilseier denne realkompetansen, er du velkomen til å søkje på Nynorsk scenespråksenter.
Det er ingen nedre eller øvre aldersgrense, og kurset er ikkje berre tiltenkt unge skodespelarar, så søk i veg!
Du må ikkje vera medlem av fagforeiningar som Norsk Skuespillerforbund, men dette er eit av punkta som kan kvalifisere deg til plass.
Nei, du må ikkje ha vore i jobb ved teateret for å søke på Nynorsk scenespråksenter. Kven som helst er velkomen til å søke!
Så lenge du har trykt “sendt” etter å ha fylt ut søknadsskjemaet har vi fått søknaden din. Når fristen er ute får du ein e-post frå oss om prosessen vidare.
Vi beklagar for at de ikkje får stadfesting på e-post. Dette er noko vi jobbar med.
Etter søknadsfristen har vi ein intern frist på fem veker for å svare alle. I dette tidsrommet må du berre vente tolmodig til vi kjem attende til deg.
Vi har diverre ingen nyhendebrev du kan melde deg på.