Første semester på Nynorsk scenespråksenter

28. mai 2025

Første semester på Nynorsk scenespråksenter er nå over, og her kan du sjå kva som har skjedd desse 14 vekene!

Oppstarten

10. februar kom fire spente skodespelarar inn døra på Nynorskhuset. Pernille Sandøy, Arjan Nilsen, Jacob Nasseri og Stine Elverhøi Johnsen hadde dagen før møtt kvarandre i den gamle prestegarden i Førde, der dei skulle bu saman dei neste 14 vekene. Nå skulle dei møte ein spent avdelingsleiar og sparke i gang språkovergangkurset.

For avdelingsleiar Terje Lyngstad, starta arbeidet med senteret for fleire år sidan. I prosessen var logoped, og senterets språkpedagog, Eldbjørg Lognvik med, og prosjektmedarbeidar Synne Solberg hadde kome på bana nokre månader tidlegare. Alt låg til rette for nokre inntensive oppstartsveker der deltakarane skulle gjennom metoden til Eldbjørg, språkhistorie, nynorskkurs, og ikkje minst; å gripe fatt på sunnfjorddialekta. Men fyrst, ein dag for å bli kjend med huset og dei i det.

Det første kullet vart intervjua av nynorskpraktikantar ved Nynorsk avissenter.

Intervjuet resulterte i ein førdeven, som tok med jogurt på første møte.

Første gjestar

Det kan ikkje vera eit språkkurs utan at det skal nerdast om ting. I kursets fjerde veke kom nemnleg forfattar og lingvist Anders Vaa på besøk i to dagar, for å snakke om norske dialekter. Veka etter kom teatervitar Ragnhild Gjefsen for å snakke om doktoravhandlinga si i naturleg scenespråk og autensitet.

Parallelt med dette starta deltakarane å arbeide med si fyrste visning, som skulle skje på Foajéscena til Røyst, i Nynorskhuset. Denne visninga skulle bestå av tekstar og lyrikk dei sjølv hadde valt ut, og arbeida med regissør Jeff Pedersen for å sy det heile saman.

Første radiobesøk i studio hjå Stian Sjursen Takle og Brit Jorunn Svanes

Besøk av Ragnhild Gjefsen.

Molde og Ørsta

Midt i prøveperioden fekk vi eit avbrekk. Turen gjekk da til Molde for å sjå premiera av musikalen om Ivar Aasen Eg har ikkje ord på Teatret Vårt. Her møtte vi ei rekke viktige nynorskfolk frå rørsla, ganske passande da deltakarane hadde fullstendig språkovergang i frisnakk denne veka, og fekk brote seg laus på sunnfjording saman med blant anna Olaug Nilssen.

På heimturen tok vi eit stopp i Ørsta, nærare bestemt Aasentunet, og åt lunsj med ein god gjeng frå Nynorsk kultursentrum, fekk føredrag om norsk språk med Fredrik Hope, og omvisning i utstillinga med Anne Natvik. Eit passande avbrekk frå kvardagen, og eit godt fagleg påfyll!

Stine og Pernille med Aasentunet.

Ein glad gjeng i Molde.

Obligatorisk bilete ved Ivar Aasen-statuen.

Ei lærerik stund ved bautaen reist for Ivar Aasen.

To framsyningar

Så kom plutseleg dagen med Teaterkafé snikande opp på oss. Visninga i Røyst var ein suksess, med over 70 publikummarar! Der framførte deltakarane tekstar frå blant anna Shakespeare omsett av Edvard Hoem, Hans Sande, Halldis Moren Vesaas og Frode Grytten. Det var også musikkinnslag med MPGjr-låta Vestlandet, og ei eigekomponert låt av musikar Harald Dahlstrøm, som var med på piano.

Språkkurset er ingen kvileleir. Difor, same dag som framsyninga var ferdig, var deltakarane i radiostudio hjå NRK Vestland for andre gong, og var i tillegg same dagen i gong med arbeidet med nytt manus. Veka etter visninga arbeida dei nemleg med regissør Aslak Moe frå Det Vestnorske Teateret, og hadde ei internvisning for alle tilsette fredagen etter ei intens veke med jobbing.

Gjengen sang Vestlandet for 70 publikummarar under første visning.

Gjengen klar for arbeidsvisning av Politi, med Aslak Moe.

Stemmebruk og Fosse

Etter påske fekk deltakarane ei heil veke med gjesteførestillingar. Fyrst på bana var Maria Wennersten, som arbeida fysisk med deltakarane med forskjellige aktivitetar, stemmebruk og dialektpendling.

På slutten av veka kom Preben Hodneland frå Det Norske Teatret på besøk. I løpet av dei to dagane jobba deltakarane saman med to tekster Preben er aktuell med i dag: Ikkje ein lyd av Arne Lygre, og Einkvan av Jon Fosse. Dette var to lærerike dagar for å lære å bruke klangbotn frå sunnfjorddialekta under lesing av nynorsk.

Arbeid med Maria Wennersten.

Besøk av Preben Hodneland.

Avslutningsvisning

Så, tida for den store finala: Vi har så korte armar av Olaug Nilssen. Etter fleire veker med språkarbeid med manus både individuelt, saman, med Terje og med Eldbjørg, var gjengen klare for å jobbe scenisk saman med konstituert teatersjef, og i denne samanhengen regissør, Kristina Kjeldsberg. På ei veke sydde laget dette saman til ei vakker og morosam framsyning, og viste den fram for eit spent publikum, der Olaug Nilssen sjølv satt i salen.

“Eg er framleis bra sveitt etter å ha fått eit gjensyn med ein roman eg gav ut i 2003 på scenen i Nynorskhuset i Førde. Vi har så korte armar. Eg lo og skratta, men vrei meg også i stolen og gøymde andletet i hendene då eg høyrde dei nevrotiske utgreiingane til karakteren Liv og dei poetiske forsøka og framstøytene til karakteren Ølgjer.”

Gruppebilete med heile Nynorsk scenespråksenter, Olaug Nilssen og Yngve Thorsen frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Med ei framsyning som difor kan kallast ein suksess i boks, venta rolege avslutningsdagar for gjengen. Desse dagane hadde dei blant anna podkastinnspeling for Teater Vestland sin podkast Bak maska, og møtte Førdevenen dei var ute og søkte etter i lokalavisa Firda den første veka, til komle på Coopen.

14 veker flydde forbi. Frå å vera usikker i bøyninga av verb på ei ny dialekt er nå Pernille, Arjan, Jacob og Stine heilspikka sunnfjordingar, og søkjer nå roller som “unge personar frå Vestlandet”.

Innspeling av podkasten Bak maska.

Så glad blir du av å læra deg sunnfjording!