— Etterutdanninga har ført til jobbar
Vi har tatt ein prat med dei to første kulla på Nynorsk scenespråksenter. Søknadsportalen for kull 3 er nettopp opna.

Første arbeidsvisning, gratis for publikum: «Vi har så korte armar» av Olaug Nilssen. Foto: Jostein Vedvik.
Nynorsk scenepråksenter er ei unik etterutdanning for skodespelarar frå heile landet, der dei får styrkt kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialekter.
Deltakarane både studerer og bur i lag i 14 veker i Førde. Dei praktisk talt lever og pustar dialektovergang frå første dag. Her blir det handla kneipp og spurt om vegen på sunnfjordsk; dei må berre kaste seg ut i det.
— Ein går sånn opp i det at ein til slutt ikkje legg merke til om ein snakkar si eiga dialekt eller sunnfjordsk, seier deltakarane.

Kull 1: Jacob Nasseri, Pernille Sandøy, Arjan Nilsen, og Stine Johnsen Elverhøi. Foto: Jostein Vedvik.
Det eine kullet har fullført etterutdanninga, og det andre er godt i gang – totalt åtte deltakarar.
— Å få jobbe tett med Eldbjørg, den beste innan dialektovergang i landet, er eit privilegium. Etterutdanninga har allereie ført til fleire jobbar, så eg vil seie at gevinsten kom ganske umiddelbart, seier Stine Johnsen Elverhøi frå Austlandet.
Ho deltok i første kullet og har mellom anna blitt casta til «Ei verdsomsegling under havet» her på teateret, med premiere til våren.
I 14 veker har ho «leika» på sunnfjordsk saman med Jakob Nasseri og Arjan Nilsen frå Austlandet og Pernille Sandøy frå Nord-Norge.
Å delta på Nynorsk scenespråksenter er å ta på seg ein språkidentitet. Det handlar ikkjer berre om språk, men også om sosiologi og kultur.
— Vi har lært om den sunnfjordske sjela. Eg legg merke til at folk her i Førde har så god tid. Bilane begynner å bremse 15 meter før gangfelta, og det er eit reint mirakel viss eg ikkje blir påkøyrt når eg kjem heim att til Oslo, seier Jakob Nasseri.
Ein kan på sett og vis miste seg sjølv litt.
— Å halde på identiteten sin i ei ny dialekt er krevjande, både som scenekunstnar og privatperson. Eg har fått heilt ny sjølvtillit når det gjeld å tileigne meg nye dialekter, ein styrke eg tar med meg inn i resten av yrkeslivet mitt, seier Arjan Nilsen og held fram:
— Resultatet kan potensielt bli ein generasjon scenekunstnarar med ein felles spisskompetanse som er eineståande i norsk teater og film. Etterutdanninga styrker bevisstheita, kompetansen og språkkjærleiken.

Kull 2: Margrethe Grodås, Petter M. Westlund, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen og Kjetil Solberg Stavenes. Foto: Heidi Hattestein
Margrethe Grodås frå Trøndelag er ein av fire deltakarar i kull to. Dei hine er Kjetil Solberg Stavenes frå Sørlandet, Petter M. Westlund frå Austlandet og Katrine Lovise Øpstad Fredriksen frå litt lenger sør på Vestlandet. Dei er éin månad inn i etterutdanninga.
— Det er veldig spennande å gå igjennom ein dialektovergang når ein er omringa av dialekta heile tida, og spesielt når ein bur saman med dei andre på kurset. Ein kan nesten ikkje komme djupare inn i det. Eg kjenner at eg blir trygg på å bruke ei anna dialekt fullt ut – ikkje berre i replikkar på scena, men òg i daglegtale. Vi får òg mykje god trening i stemmeteknikk, nynorsk og dei mange nyansane i norske dialektar, samtidig som vi får vere ein del av fellesskapet på teateret. Eg storkosar meg, seier Margrethe Grodås.