Ei veke med kull tre

21. januar 2026

12. januar kom fire nye skodespelarar til Nynorsk scenespråksenter. Erik Pelin, Hanna Margrete Muir, Lise Risom Olsen og Vebjørn Enger er klare for 14 veker i Førde.

Mange nye fjes og inntrykk venta gjengen. Berre første dagen hadde dei hatt lunsj med alle på teateret, og middag med praktikantane på Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter.  Dagen etter gjekk turen til Aasentunet med omvisning på museet og forelesing med konservator Fredrik Hope.

Torsdag kveld var det nypremiere på Eg er Lucy Barton. Den første veka vart avslutta med Ragnhild Gjefsen som snakka om naturleg og autentisk språk. Ei innhaldsrik første veke blir toppa andre veka med undervisning med logoped og fagansvarleg Eldbjørg Lognvik.