Deltakarar
Kull 2 – hausten 2025

Margrethe Grodås
Margrethe kjem frå Steinkjer og er utdanna skodespelar frå Høyskolen Kristiania og musikalartist frå Bårdar Akademiet. Ho har jobba som showartist for Sunwing, songar i vokaltrioen Pønsj, spelte si sjølvskrivne barneframsyning Hun nye i C-klassen på Oslo Fringe, og har nyleg spelt i Navlestreng.

Kjetil Solberg Stavenes
Kjetil er frå Søgne og er scenekunstnar, poet og historieforteljar. Han har eit energisk og leikent uttrykk, forteljingane er som regel episodar frå eige liv forteljarstilen er fargerik og er på vippepunktet mellom rein tragedie og absurd komedie. Dei siste åra har han brukt på å studere moderne kunst samt tatt ein bachelor i skodespel.

Petter M. Westlund
Petter kjem frå Skien og har ein bachelor i skodespel frå Westerdals i Oslo. Han har blant anna vore tilknytt Nationaltheatret og Teater Ibsen, og har i tillegg jobba i det frie feltet som både skodespelar, regissør og manusforfattar. Saman med kollega Erik Langås Jørgensen driv han produksjonsselskapet Dag 3, som står bak framsyningar som «Tatt av Filmen» og «Henrik Ibsens samlede verker på 68 minutter».

Katrine Lovise Øpstad Fredriksen
Katrine Lovise er frå Bergen og har ein bachelor i skodespel frå Nord Universitet. Etter studiane har ho spelt i ei rekke produksjonar, blant anna hjå Riksteatret, som den kvinnelege hovudrolla i spelefilmen «Good Boy», og er med i det vestlandsbaserte kompaniet Eventyr i Parken. I 2023-2024 var ho med i SKUDA’s mentorprogram for unge lovande kunstnarar i etableringsfasen.
Kull 1 – våren 2025

Stine Elverhøi Johnsen
Stine er ein skodespelar frå Rælingen, og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har jobba ved Det Norske Teatret og Brageteatret, i tillegg til å ha laga eigne forestillingar i det frie scenekunstfeltet.

Jacob Nasseri
Jacob er 24 år og kjem frå Oslo. Han er oppvaksen på St. Haugen og er halvt arabisk. Etter han gjorde ferdig bacheloren sin i skodespelarfag ved Nord Universitet har han jobba i forskjellige produksjonar både på teater og TV.

Arjan Nilsen
Arjan kjem frå Siggerud og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo. Dei siste åra har han vore på fleire turnéar med Riksteatret og Brageteatret, og medvirka i fleire TV-seriar som “Makta” og “Lykkeland” på NRK. Han har også jobba i det frie scenekunstfeltet i Skandinavia.

Pernille Sandøy
Pernille er ein skodespelar og songar frå Tromsø. Ho har spelt i fleire forestillingar på Hålogaland Teater, og har ein bachelor i musikkteater frå Høyskolen Kristiania. I 2023 debuterte ho som filmskodespelar i Nils Gaup sin “Sulis 1907”.