Arbeidsvisning: Pulserande hjarteauge

10. november 2026

Kull 4 er snart ferdige med sine 14 veker i Førde. For avslutningsvisninga deira har dei arbeidd saman med regissør Jeff Pedersen og forfattar Katrine Sele for eit splitter nytt teaterstykke. Pulserande hjarteauge er ei dramatisering av eit kapittel av boka Menn som nesten elska meg av Katrine Sele. Katrine har sjølv dramatisert den personlege forteljinga, og kull 4 har fått oppgåva å setja kapittelet om Aron til live.

Arbeidsvisninga av stykket spelast på Scene 2 i Nynorskhuset 19. november klokka 19. Visninga er gratis, og du er velkomen!

 

Om boka Menn som nesten elska meg:

Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.

Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.