Vil du briljere på nynorsk?Vil du spele Jon Fosse truverdig og levande?Ønsker du å meistre kva dialekt som helst?

Vil du briljere <br>på nynorsk?Vil du spele Jon Fosse <br>truverdig og levande?Ønsker du å meistre <br>kva dialekt som helst?

Kven er vi?

Nynorsk scenespråksenter er Teater Vestland si etterutdanning og eit nasjonalt senter for skodespelarar frå heile landet, der dei får styrka kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialekter.

Nynorsk scenespråksenter er oppretta med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som deler ut gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Møt kull tre

Vebjørn er fødd i Bergen, og flytta til Randaberg utanfor Stavanger når han var 7 år. Han fekk sin debut som skodespelar i filmen Kompani Orheim da han var 14 år. Vebjørn har ein bachelor frå Universidad Rey Juan Carlos i Madrid. I 2025 fekk han si første rolle i spansk film, som ein av fire hovudroller i filmen Laponia, og debuterte på scenen i stykket Julemiddag på Rogaland Teater.

Hanna Margrete er ein skodespelar og songar frå Stavanger som jobbar aktivt i det frie scenekunstfeltet. Ho har ein bachelor i skodespelarfag og teaterproduksjon ved Nord Universitet, og er utdanna musikalartist ved Bårdar Akademiet. Nyleg har Hanna Margrete turnert internasjonalt med Wakka Wakka Productions si framsyning Dead as a Dodo. Mellom slaga lærar ho å komponere musikk.

Lise er fødd i Fredrikstad, har vokse opp der og i Elverum, men har budd lengst i Bergen, og Berlin. Ho jobbar både på scena og framfor kamera. Lise har bakgrunn både frå fri scenekunst og frå store scener som Schaubühne i Berlin. For film og tv jobbar ho i fleire land, sist i Tyskland, Danmark, Polen og Noreg.

Erik er norsk/svensk og har ein bachelor frå Kunsthøgskolen i Oslo. Året etter utdanninga har han jobba i det frie feltet i scenekunstproduksjonar, spelt i kortfilm, sloppe album og debutert som dramatikar med teksta ReBootBoys.

Vi tilbyr

Ta etterutdanning

Hos oss får du ei innføring i nynorsk. Du lærer dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.

Nynorsk er ein viktig del av identiteten vår, og med nyskapinga Nynorsk scenespråksenter får fleire unge talentfulle skodespelarar lære å spele på nynorsk. Det heiar vi på!

Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
I møte med ein ny dialekt (talemål, talemåte) blir vi fort stående å med eit talespråk uten liv og innhald. Orda blir tekniske øvingar uten meining. Kroppen stivnar. Den nye språkdrakta blir for lita – vi får ikkje puste, vi får ikkje bruke stemma vår, tenke klart eller røre oss fritt. Ved Nynorsk scenespråksenter får deltakarane hjelp til å lage seg ei ny, fargerik drakt – med god stretch og ei nynorsk passform.
Eldbjørg Lognvik, språkpedagog
Skodespelarar som må spele på ei anna dialekt enn den dei bruker til vanleg, fortener å kjenne seg trygge på scena. Publikum på si side fortener å oppleve eit mangfald av dialektar i teater, film og lydproduksjonar. Dette skal Nynorsk scenespråksenter medverke til.
Terje Lyngstad, språkkonsulent